mandag 28. november 2011

Adventstid=flyttetid

Då har vi starta på adventstida. For vårt vedkommende er det og flyttetid! Dei første kassane har allereie komt på plass i sin nye heim. Det var ganske rart å sjå vore ting der i det nye huset (no høyres det ut som om me har flytta ein heil masse, men faktum er at det berre er ting og tang frå boden som har blitt flytta på=)) Kanskje vi klarer å få gjort ein del arbeid i løpet av denne veka sånn at vi kan komme i hus til helga att? Kven veit?!!
Uansett, adventstid er ei koseleg tid, og vi eg skal kose meg med flyttearbeidet.
Fin veka til deg!

Gler oss veldig til å flytte inn her!

 

onsdag 23. november 2011

Endå fleire travle dagar!

I dag har husfrua og mannen virkeleg farta rundt inne på fastlandet etter lamper, garderober og alt
anna diverse utstyr som ein plutseleg kjem på at ein treng når ein skal flytte inn i nytt hus!
Kom me heim med bilen full? Nei, ikkje denne gongen heller. Men me har i allefall sondert terrenget, og da grundig! Så no gjenstår da bere å få kjøpa inn da som me har bestemt oss for!
I tillegg fekk me henta ting og tang som endeleg var klar til henting=)
I løpet av helga bør eg ha begynt å pakke, da grugleda eg meg til!
Desse har no komt i hus!!
 

torsdag 17. november 2011

Travle dagar

Heisann alle sammen! Dagane flyg avgårde, døgnet har berre ikkje nok timar for tida. Difor vert det og lite tid til blogging, men det lover eg skal bli ei ordning på så snart me har komt oss på plass i det NYE huset!
Slenger inn eit bilete av nokre knottar eg har bestilt. Dei har ulik størrelse og kjem i mange forskjellige varianter. Eg har landa på eike knottar, sjølv om valget lenge sto mellom kvit eller eik. Gler meg til dei kjem på plass på veggen! By the way, dei kjem frå MUUTO!


 

mandag 14. november 2011

Nye varer frå Hübsh

Yess, då har endeleg dei siste varene frå Hübsh fått plass i kroken vår!!
Ein nydelig settekasse som du kan ha alt mogleg i, eller berre pynte den med
masse koselig julepynt, skjønne kvite "bollelykter" og stilige sinkpotter som skrik
etter å få vere heimen til eit oliventre! Ta turen innom og sjå!
http://www.hubsch-interior.com







Nyt kvelden!

torsdag 10. november 2011

Trapp


Jiiippii! Då var trappa endeleg på plass! Det var faktisk ein ganske ubeskrivelig følelse å gå i den for aller første gong. No mangler berre trappebelysningen og så er trappa komplett!
Trappa vår er lik som denne, dette er midlertid eit bilete frå Trapperingen sin katalog

mandag 7. november 2011

Julekroken



Då er varene frå Danmark endeleg på plass i kroken vår!! (les: mamma og eg har vår eigen lille interiørkrok på den lokale butikken. Her får vi gjere nett som vi vil!) No har vi fått ein JULEKROK, og du, så kjekt det var å lage den til! Tre timar vart gått på eit blunk! Her har vi mykje koselig julepynt som er med på å lage den riktig gode julestemninga.
Nydeleg adventstjerne som står på fot. Den har til og med brytar!
Desse juletrea er verkeleg fine! Etasjefatet er i perfekt storrelse til å ha julekaker på!
Grein frå lerketre tek seg sær godt ut med julepynt!


Sinkhusby på Fedje.


Krans i naturkvist med litt snø på.

God haustkveld til deg!

onsdag 2. november 2011

Rommet til Sanna Gabriella

No er det nokre dagar sidan siste innlegg, skal sei dagane flyg avgårde når ein byggjer hus!!
Og no begynner det for alvor å nærme seg innspurten! Kanskje vi allereie formelt kan overta huset
rundt midten av november...! Men trur ikkje at vi skal satse på å flytte inn allereie då, det er nok mykje som
må vaskast, ryddast, pakkast før familien Nordby kan slå seg til ro i nya huset. Legg ved eit bilde av Sanna Gabriella sitt rom, fargen på veggen heiter Lille Prinsesse og er sjølvsagt rosa! I helga kom golvet på plass og det vart riktig så fint!
Ha ein flott kveld!