lørdag 21. januar 2012

Fyr i peisen

No senkar laurdagskvelden seg og då er det ekstra herleg med fyr i peisen! Peisen i huset vårt er ein Rais 2:1. Den fungerer som romdelar mellom kjøkken og stove og er tosidig. Likar veldig godt at vi har peis i både stove og kjøkken! Lurte lenge på på om vi skulle ha vednisje i forbindelse med peisen, men etter veldig mykje fram og tilbake fann vi ut at vi ville ha eit så reint uttrykk som mogleg, difor droppa vi nisja. Bileta under er frå Rais, men den ser akkurat slik ut hjå oss, på kvit vegg!

Bilde: Rais

Bilde: Rais

fredag 6. januar 2012

Helg




Herlig! Då er helga her! I ettermiddag vart jula rydda ut. Det vert alltid tomt når denne tida er forbi, men faktisk litt godt og. Helga skal brukast til litt huslege syssler og kos. Har blant anna eit heilt uteområde som treng ei kraftig  ryddeøkt (satsa på at mannen tek ansvar der..og det veit eg at han gjer..hihi) og ein del forefallande arbeid inne. Høgt på ønskelista står varmepumpe til vannboren varme, gler meg til å få god og jamn varme i heile huset (satsar på at den kjem i hus før dei "kalde" månadane er omme).

Då må de ha ei strålande helg!