tirsdag 28. februar 2012

Muuto

Endeleg, etter mykje styr, har "The Dots" frå Muuto komt seg opp på veggen i gangen. Desse bestemte eg leeenge før vi flytta inn at eg skulle ha. Problemet var berre å få dei til å hengje på gipsvegg! Tilslutt fekk dei komme i sitt rette element, på vegg! Eg er veldig happy med dei!

søndag 26. februar 2012

Bursdag


I dag har mi kjære, gode og snille søster bursdag, HIPP HURRA! I den anledning baka eg cupcakes til ho. Alltid kjekt med familieselskap der vi kan vere samla alle saman! No er det tid for sløving i sofaen, kanskje sjå litt på Oscar- utdelinga. Heilt fantastisk å vite at det er vinterferie ei hel veke!



Må samstundes vise fram det siste nye strikkaplagget til gullo. Heilt nydeleg! Eg er veldig heldig som har ei så flink og snill mamma som vil strikka så mykje fine klede! Glad i deg<3

mandag 20. februar 2012

Litt fleire bilete

Då senker kvelden seg og eg har inntatt sofaen. Herleg!
Ei helg med huslege syssler har gått, det er stadig noko å gjera som helst
skulle vore gjort i går, men slik er det vel i nytt hus. Fortida står klesnorer på vaskerom
høgt på ønskelista. Så dersom nokon har ein god ide til snoroppheng på rom med skråtak er det
berre å gje ein lyd!
Her kjem litt nye bilete av nye, fine huset vårt.
"Katedralen" vår

Tapet på vegg frå Designers Guild

Loftstova. Er i tenkeboksen for å finne ut korleis vi vil møblere her (ein gong i framtida)

Hovudbadet

Kjøkkenet

Delar av stova sett frå kjøkkenet