søndag 27. mai 2012

Inngangspartiet

Her i huset nyt vi fantastiske dagar! Faktisk så meldte arbeidslysten seg hjå mannen, så han sette i gong å støype inngangspartiet vårt saman med pappa. I dag kunne vi ta vekk forskalinga og sjå det ferdige resultatet. Eg må sei eg vart riktig så fornøgd. No har eg kosta og vaska litt på veggane, for når ein støyper skvett det litt sement både her og der. Eg håpar at denne sementplata kan hindre at sand kjem inn i gongen... Her ser de resultatet! Fortsatt god pinsehelg!


Nydelege Fedje

søndag 6. mai 2012

J'aime eames

No er eg endeleg den stolte eigar av *heile* to Eames stolar!! Desse har stått på ønskjelista leeeenge...
Tanken er å ein gong få nok stolar til å ha rundt eit spisebord i stova, men kjenne at det kan ta ganske så lang tid. Eg smør meg med tolmod...Herren i huset var klar i sin tale då eg kom heim frå bytur med desse to i bilen, han hadde heilt klart brukt pengane på noko meir "vetig", som kanskje nye trommeskinn eller noko i den dur.. Godt du ikkje var med til byn, sa berre eg.
Likar og svært godt gyngestolen i same stil...ønske*ønske*


Skjønn dame ved sida av skjønn veske