fredag 28. oktober 2011

Kjøkken


Viser og litt av kor langt vi har komt med kjøkkenmontering. Har ein utruleg flink mann som verkeleg har lært seg å montere kjøkken og legge parkett! Samtidig er det supert å ha gode kompisar som velvillig stiller opp for å ta i eit tak, tusen takk! Kjøkkenet er frå JKE og heiter Sienna. Fleire biltete kjem..

Bad

Då kjem nokre bilete av bada våre. Dei er ikkje ferdig, siste innspurt på flislegging skjer i skrivande stund. Badet nede (over) har same farge som på flisene i gongen, forskjellen er at dei er 30*60 og polerte, gangen har 60*60. På den måten vert det ein naturleg overgang inn til badet frå gongen, ein heilthet synes eg!(bileta lyg litt, flisene ser vel mørke ut, skal prøva å få tatt bilete i dagslys og ikkje i skumringen)

Badet oppe har, som badet nede, samme farge på fliser på vegg og golv. 30*60 på vegg og 60*60 på golv. I dusjnisja har vi 5*5 fliser. Den eine veggen har matte fliser og dei tre andre veggane har polerte fliser. Er veldig fornøyd med 60*60 på golv og ikkje minst fargane! Gler meg til det er heilt ferdig!

onsdag 26. oktober 2011

Trur denne skal få plass på kjøkkenet

Bilete:kvist-visdal.no
Denne klokka har vore på ønskjelista lenge. Må berre bestemme meg for farge
på klokka før eg går til innkjøp!

tirsdag 25. oktober 2011

Lykter

Bilete: hubsh-interior.com

Lykter med lys i haustmørket er alltid koseleg! Desse kvite lyktene er med på å skape ein skikkeleg god stemning på mørke kvelder. Ps. Snart finn du dei på butikken!(litt snikreklame er vel lov!)

mandag 24. oktober 2011

På ønskjelista til gullo sitt rom

Bileta frå: mittrom.no og minimikki.no

Desse hadde tatt seg bra ut på gullo sitt nye rom!

Litt frå innsida




Her er litt bilete frå innsida. Desse bileta er frå det som skal verte stova vår (bortsett frå bilete nr 3 som er kjøkkenet)! Er veldig fornøyd med peisen som er romdelar mellom kjøkken og stove. Trur den kjem til å varme godt i vinter!
Desse bileta er tatt for ei lita tid tilbake, status i dag er at stova er malt! Bilete kjem!

søndag 23. oktober 2011

Inspirasjon

Bilde: festival.no

Ei helg går mot slutten og dette er vore ei helg der det har vore store framskritt på huset. Kjøkkenet begynner å sjå dagens lys og fleire rom har fått fliser på både vegger og golv. Herleg! Ein utruleg god følelse når du kjenner at dei valg ein har gjort stemmer!

mandag 3. oktober 2011

Endeleg! Her er huset!

I går gjekk vi og tok bilder av huset - slik ser det altså ut frå utsida på noverande tidspunkt. Oppdateringar frå innsida følger om ei stund.