tirsdag 31. juli 2012

Barneauge

God sommarkveld! For litt sidan fann mitt lille gull at ho ville låne mamma sitt kamera for å ta litt bilete. Då kvelden kom sette eg meg ned for å sjå på dagens "fotofangst". Eg vart overraska! Her var det jammen nokre blinkskot!! Tenkte å vise dykk nokre av bileta, ein får i allefall sjå korleis ting er sett frå barneauge.


Mamma på kjøkkenet


"Slik er det mamma pleier å gjere og"


søndag 17. juni 2012

Nye interiørvarer i kroken vår


Då har me fått ein del sommer- og interiørvarer inn i kroken vår på butikken. Her kan du finne flotte gåver eller kanskje du har lyst på noko nytt sjølv!



Turkise bambuslykter med matchende blomsterpotte tar seg godt ut mot ein kvit vegg.

Vi har  fått inn nokre nydelege lysglass og skjønne blomsterglass.
Ta turen innom butikken!

søndag 27. mai 2012

Inngangspartiet

Her i huset nyt vi fantastiske dagar! Faktisk så meldte arbeidslysten seg hjå mannen, så han sette i gong å støype inngangspartiet vårt saman med pappa. I dag kunne vi ta vekk forskalinga og sjå det ferdige resultatet. Eg må sei eg vart riktig så fornøgd. No har eg kosta og vaska litt på veggane, for når ein støyper skvett det litt sement både her og der. Eg håpar at denne sementplata kan hindre at sand kjem inn i gongen... Her ser de resultatet! Fortsatt god pinsehelg!


Nydelege Fedje

søndag 6. mai 2012

J'aime eames

No er eg endeleg den stolte eigar av *heile* to Eames stolar!! Desse har stått på ønskjelista leeeenge...
Tanken er å ein gong få nok stolar til å ha rundt eit spisebord i stova, men kjenne at det kan ta ganske så lang tid. Eg smør meg med tolmod...Herren i huset var klar i sin tale då eg kom heim frå bytur med desse to i bilen, han hadde heilt klart brukt pengane på noko meir "vetig", som kanskje nye trommeskinn eller noko i den dur.. Godt du ikkje var med til byn, sa berre eg.
Likar og svært godt gyngestolen i same stil...ønske*ønske*


Skjønn dame ved sida av skjønn veske

søndag 22. april 2012

Herlege dagar!


 Helga har vore full av gode opplevingar og vår i lufta. Lørdag feira eg bursdag saman med kjekke vener, herleg med litt "jentesnakk" inni mellom!I dag viste Fedje seg frå si beste side, sol frå skyfri himmel og (ganske) stille. Då var lillegull og eg på lang tur, mens pappa reiste på fotballkamp.
No har roen senka seg i huset. Tenkte å dele nokre bilete med dykk!
God veke til alle saman.

Nydelige ranukler og "pusekatter"

Fekk bl.a. kjempefin lykt og herlege heimastrikka kluter hjå tanto mi i byn, koselig!

søndag 11. mars 2012

Pratisk hylle

Tenkte eg skulle vise dykk ein av dei tinga eg er mest nøgd med i huset vårt. Den er heilt genial til oppbevaring av bøker, spel og andre ting som vi har. Under benkeplata, som for øvrig er laga av same parkett som på golvet, har vi 4 skuffer. Dei er supre til oppbevaring av leikar som ikkje treng å stå framme.
Fantastisk veke til deg!

mandag 5. mars 2012

Vårkjensle

Set og ser på gamle bilete då dette dukka opp! Det gjev meg ei god kjensle i kroppen. Gler oss til våren! Fin veke til alle saman.