søndag 27. mai 2012

Inngangspartiet

Her i huset nyt vi fantastiske dagar! Faktisk så meldte arbeidslysten seg hjå mannen, så han sette i gong å støype inngangspartiet vårt saman med pappa. I dag kunne vi ta vekk forskalinga og sjå det ferdige resultatet. Eg må sei eg vart riktig så fornøgd. No har eg kosta og vaska litt på veggane, for når ein støyper skvett det litt sement både her og der. Eg håpar at denne sementplata kan hindre at sand kjem inn i gongen... Her ser de resultatet! Fortsatt god pinsehelg!


Nydelege Fedje

10 kommentarer:

  1. Det vart kjempefint! :)
    Har de lagt trappa heilt bort til enden av veggen (der ved vaskerommet)?

    SvarSlett
  2. Heisann, tusen takk for da. Uteområdet begynner så smått å ta form ( sjølv om det er langt att enda)
    Eg er litt usikker på kva du meiner med trappa, vår trapp er ikkje på same vegg som vaskerommet, den går opp i gangen til loftsstova og vårt soverom... Spør gjerne igjen om du ikkje vart klokare av dette :)

    SvarSlett
  3. Eg meiner trappa ved inngangspartiet. Går den heilt til enden av veggen (der ved vaskerommet) eller stoppar den ved grovgarderoben? Berre eit trinn?

    Me har starta grunninga av huset. Jey!

    SvarSlett
  4. Heisann, vi har ikkje vaskerommet nede, det er oppe. Men om du meiner inngangspartiet så er det berre eit trinn og det går heilt bort til veggen ved groventreen og det tekniske rommet....
    Håper dette var oppklarende!

    Lukke til!,

    SvarSlett
  5. Åå, ja stemmer. Gløymde at me hadde teikna litt om. Me har vaskerommet nede ved groventreen. Uansett var det oppklarande. Takktakk! :)

    Har eit spørsmål til: Kva for belysning har de i den høge delen av stova (utanfor kjøkenet)?

    Ina

    SvarSlett
  6. Hei igjen,
    Beklager seint svar, men me har vore på ferie. I den høge delen av stova har me berre lagt opp til to lampepunkt på kva side av takglasa. Her har me berre montert to Spotlighter som me har vendt oppover. Midt mellom takglasa har me og laga til eit lampepunkt, ein gong i framtida skal me ha eit spisebord i stova og då skal vi ha ein lampe over bordet.
    P.s. Vil gjerne sjå bilete av dykkar hus ein gong!

    Stine

    SvarSlett
  7. Tusen takk for svar. :) Håpar de hadde ein fin ferie. Har de open løysing opp til loftstova? Me har lukka det igjen, og skal ha det rommet til soverom. Har vurdert takpunkt mellom dei to takvinduene, men står ikkje dei heilt tett? Det gjer iallefall våre. :) Dersom det er mogleg vil eg grine meg til eit takpunkt mellom der, eg og! :)

    Klart du kan få sjå bilete av vårt hus. Det er enno berre eit skal, men etterkvart vert det vel ein heim. :) Ser ikkje for meg at eg mekkar ein blogg, men legg ut noko på Facebook. Ina Rong, -legg meg til om du vil. :)

    Digga at det fins ein blogg som viser vårt komande hus. :)

    SvarSlett
  8. Heisann,
    Me har åpen løysing oppe. Tanken er å ha tv-stove oppe med tida. Ellers så står glasa oppe så tett som det går ann, eg meiner (eg er ikkje heime nett no.....) at me har eit lampepunkt over glasa. Me kan strekkje ein liten lampeledning ned midt mellom glasa.

    SvarSlett
  9. Ellers så ser du sikkert at eg heller ikkje er så ihuga bloggar.... Eg ligg deg gjerne til på Facebook, nysgjerrig etter å sjå! Klem

    SvarSlett
  10. Hehe, ser dette! Eg er like ivrig og håpefull kvar gong eg stikk innom her. Håpar på nytt innlegg med spanande bilete! hehe!

    Kjekt uansett:) Takk for lys og lampeinfo:)

    SvarSlett