søndag 11. mars 2012

Pratisk hylle

Tenkte eg skulle vise dykk ein av dei tinga eg er mest nøgd med i huset vårt. Den er heilt genial til oppbevaring av bøker, spel og andre ting som vi har. Under benkeplata, som for øvrig er laga av same parkett som på golvet, har vi 4 skuffer. Dei er supre til oppbevaring av leikar som ikkje treng å stå framme.
Fantastisk veke til deg!

8 kommentarer:

  1. Hei!
    Kjempekjekt å sjå denne bloggen din. Me er i gang med å bygge eit identisk hus. Ser me har mykje dei same valga. ;) De har fått det kjempefint! Kjennereg vart meir inspirert no. Denne hylla på leikerommet er jo berre smashing! :)

    Ina

    SvarSlett
  2. Hei Ina!
    Å så kjekt å høyre! Dette huset er verkeleg vår draumehus! Kjenner at eg har mange spørsmål om dykkar prosjekt..Kva skal de byggje? Skal de og ha garasjeløysinga?
    Kjekt at du vil følgje min blogg! Då me var i oppstartfasen tråla eg nettet etter bloggar om same hus. Eg fann ein, men den vart aldri oppdatert...Så då tok eg saken i eigne hender, kjekt at bloggen kan vere til inspirasjon!

    Stine

    SvarSlett
  3. Me fekk sjå dykkar teikningar då me tok kontakt med Hellvik, så ja me skal ha garasjeløysinga. :) Me har forstørra det litt(kor stort er dykkar hus totalt?), og har bytta soverom og loftstove. Og så har me lukka den opne løysinga opp (i og med at det er soverommet som er der no). Gler meg til å følgje med her. :)

    SvarSlett
  4. Vårt hus er 286m2 med garasjen. Er superhappy for den løysinga. Kan eg spørje om korleis du kom over bloggen min?

    SvarSlett
  5. Kvar er det de skal byggje?
    Stine

    SvarSlett
  6. Me skal byggje i Øygarden. :) Vest i havet:)Vårt hus vert 310 m2 med garasjen.

    For det første så har me husteikningane dykkar frå Hellvik. Hehe. Det er dykkar hus me gjekk ut frå. I helga var sambuaren min og la golv hjå ein kunde. Dei snakka om husbyggjing, og kunden spurte kven som skulle byggje huset vårt. Han svara Hellvik, og dama i huset nemnde at ho hadde ei venninne som hadde bygd med Hellvik på Fedje. Ho tipsa om bloggen din, og same kveld stakk eg innom og vart ti gongar meir inspirert!

    Legg gjerne ut bilete i lange baner!! :)

    SvarSlett
  7. HEi stine:) FLOTT BLOG...men du må ha STØRRE bilder sånn at vi kan nyte detaljene!! Klem

    SvarSlett
  8. Emmeline: Takk for da! Kor i all verden får eg da te? E ikkje nåke kløppar på sånt...Klem

    SvarSlett