fredag 28. oktober 2011

Bad

Då kjem nokre bilete av bada våre. Dei er ikkje ferdig, siste innspurt på flislegging skjer i skrivande stund. Badet nede (over) har same farge som på flisene i gongen, forskjellen er at dei er 30*60 og polerte, gangen har 60*60. På den måten vert det ein naturleg overgang inn til badet frå gongen, ein heilthet synes eg!(bileta lyg litt, flisene ser vel mørke ut, skal prøva å få tatt bilete i dagslys og ikkje i skumringen)

Badet oppe har, som badet nede, samme farge på fliser på vegg og golv. 30*60 på vegg og 60*60 på golv. I dusjnisja har vi 5*5 fliser. Den eine veggen har matte fliser og dei tre andre veggane har polerte fliser. Er veldig fornøyd med 60*60 på golv og ikkje minst fargane! Gler meg til det er heilt ferdig!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar